 |
Foldereid.no ble åpnet 15. september 2006. Ta kontakt dersom du har noe på hjertet.
E-post:
|
|  |
Historiesiden
 | | Foldereid i år 1900. |
Foldereid, tidl. kommune i Nord-Trøndelag, fra 1964 delt mellom Høylandet og Nærøy kommuner. Fra tettstedet Foldereid går det riksveier til Rørvik, Brønnøysund og Grong. Foldereid er bygda omkring Indre Foldafjord i nordvestre delen av Namdal. Nordsida når fram til Bindal i Nordland fylke. Ellers grenser Foldereid til Høylandet i søraust og Nærøy i sørvest og vest.
 | | Foldereid i 1930 |
Tidligere skrivemåter av Foldereid har vært mange. udt.(Fa`LLre også hørt:fa`LLri) Follered 1559. Follireidt, Follireydt 1590. Folderedt 1626. Falldered 1643.Faldereid 1669.Falderæid 1723.
 | | Tatt ved Skytterhuset 17. mai 1914. |
 | | Follaferja 1. Tatt i 1950/51. |
 | | Foldereidsjøen |
Handel i Årfor.
Før var det butikkar "aill stan", seier folk om den såkalla "gammeltida". Mykje av grunnen til at det var fleire butikkar hadde med kommunikasjon å gjere. Lokalbåtar og bygderuter hadde anløp mange stader, og fjorden var såleis den tidas riksveg. I Ytterdistriktet var vegen mellom Foldereid og Kolvereid ein av de viktigaste prosjektane. Det kosta imidlertid pengar. Den første bevilgningen på strekningen Kolvereid- Årfor ble gitt i 1926. Vi skal sjå nærmare på handelen på eitt av stadene på strekninga frå Foldereid til Kolvereid, nemlig Årfor, som er ein av mange eksemplar på stader kor det har vore liv og røre med handelsverksemd.
Blant dei første som starta handel i Årfor var Anton Hennissen i tiden 1841-54. Seinare nevnast Olava Knudsen. Ho var fødd omkring 1842 på Selnes i Helgeland. Her vart ho etter ein tid forlova med Ole Enebo. Etter at ho var komme i "omstende", drukna barnefaren. Sonen deira fekk ved dåpen farens namn. Då gutten kom opp i vaksen alder reiste han til Amerika, kor han vart restauratør for eit jernbanekompani.
Olava kom til Skaftnes hausten 1872 og kort tid etter flytta ho til Storgården for å tene der. Ikkje lenge etter vart ho gift med Johannes Knudsen, som var bygningssnekker. Han hadde òg tatt til å handle med "matvarer og ymse småtteri" på eit ledig rom i Utgården. Ekteparet bygde seg blant anna brygge, og etterkvart overtok dei poståpnarverksemda etter Jørgen Schelde i Inngården. På brygga vart det handel. Johannes døydde i 1887.
Olava Knudsen var ei driftig dame. Som enke dreiv ho med poståpneri, kramhandel, tømmer og kreaturhandel. Hun vart òg innehaver av eit sagbruk i fellesskap med naboar. Då dei bare hadde oppgangssag, foreslo ho at dei måtte skaffe seg sirkelsag, noko ho ikkje fekk kompanjongane med på. Det seies om Olava Knudsen at ho hadde ein særlig sans for framskritt. Eit av prova på dei er at ho var den første som anskaffa separator i Foldereid.
Ho dreiv i tillegg stort med kjøtthandel, kjøpte blant anna reinsslakt av "lappane", samtidig som hun sjølv skal ha halde reinsdyr for oppal og slakt. Kjøtet sende ho til Trondheim, og ho var sjølv med og avhandla produktet. Handelsvarer tok hun med heim i retur.
- Olava Knudsen var bestemor til mannen min(Bjarne Knutsen), fortel Johanne Knutsen(91) i Årfor. - Ho hadde ei svær brygge nedmed Årforsjøen, der ho selde skinn og kolonialvarer. Dei skilta som var der, både tobakksreklame og meir til, vart teken til sides da det vart rive, men desse kom diverre bort.
Frå 1908 dreiv gardbrukar Benjamin Krekling handel på Årfor. Han kom til å drive handel fleire stader, blant anna flytta han ei meieribygning, visstnok frå Leirvika til Årfora, og tok til med handel der. Denne bygninga sto om lag der kor Tore Ramfjord har husa sine i dag. Loftet på denne butikkbygninga vart bruka til forsamlingslokale, og etter eit lystig lag, brann huset ned. Imidlertid fortsatte Benjamin handelen i eit stabbur i Storgården.
Etterkvart tok han over gardsbruket Bergheim etter bror sin, gartneren Iver Krekling. Han starta opp i kjellaren i bolighuset og seinere bygde han "gammelbutikken", som den kalles enno.
- Benjamin dreiv butikken på Bergheim i 1930-åra, hugser Johanne Knutsen. -Eg minnest at han hadde drops oppi blomstrete dropsspann. Han selde desse i laus vekt og pakka dei i spiss-posar. Han var grådig når det gjaldt å gje vekk, men eg hugser at eg fekk meg eit drops av og til, humrar Johanne.
-Elles hadde han varer som sukker, mel, smør, gjær, rød sagogryn, ja til og med grimer til kyr, som han hadde hengande frå ein krok i taket. Det hang òg skrujern og nøklar i taket. Eg hugsar at han selde litt sjokolade og tobakk. Så var der òg ei stor sirupstønne. Benjamin selde det mest nødvendige i butikken. Ja ikkje melk, den kjøpte ein i gårdane, fortel Johanne.
Elen Krekling, kona til Benjamin, eit gjestgiveri på Bergheim, med overnattingsrom oppe og servering av mat nede på stua. Benjamin Krekling var elles en aktiv kar som var eigar av fleire fartøy, og han var ute i værene på fiskekjøp i skreisesongane. Benjamin Krekling var elles den første i Namdalen som anskaffa seg traktor(1918). Den vart driven med ein såkalla monitor dampmaskin, men passa dårleg for namdalske høve.
Johanna fortel at Benjamin etter endt drift på Bergheim, bygde det vi i dag enno kallar "gammelbutikken", - det som no er Kersti Rosenberg sitt hus. Der dreiv han butikk ei tid.
Der har det vore fleire eigare i ettertid. Det var blant anna Kristian Kalvik,
Paula og Arnold Sørli, Bjørg og Karstein Myklebust. Siste drivaren av butikken var Dagny Livik, som òg drev butikk i Kreklingan.
Bjørg Myklebust dreiv landhandel kor ho selde dagligvarer, men òg varer som kraftfòr, spader og tøy. Ho byrja drifta 1.september 1971 og heldt fram til hausten 1975.
- I førstninga gjekk det greit å drive, men etter kvart kjøpte fleire og fleire seg bilar, og då nytta dei seg meir av tilbodet med billigvare-butikk på Kolvereid. Så det lønde seg mindre etterkvart. Og så hadde eg to små barn og ventet ein til, så det var òg ein grunn til at eg gav meg, fortel Bjørg Myklebust. Dagny Livik fortsette butikkdrifta i "gammelbutikken" fram til 1980.
I dag er Årfor eller "Årfora" som mange seier, ein liten stad, som ikkje eingong har sitt eige stadnamnskilt. Somme tenkjer berre på "langstrækka" mellom Leirvika og Kreklingan. Men to skilt midt på denne strekka, fortel om at det framleis skjer ting i bygda. For her finn ein både klesbutikk, utleige av hytter/turisme og eit antikvariat. Nokre heldige hytte-eigare har òg sin tilholdsstad nedmed Årforsjøen, med den karakteristiske Skjoldanova som nabo.
I sommer vart det endå meir handel i bygda, for i sommar "gjenåpna" vi landhandelen i kjellaren på hovedhuset kor undertegna bur. Her er altså ei av stadene kor Benjamin Krekling dreiv handelen sin. Her kan ein gå inn i gammaltida og prøve å kjenne på korleis det var den gongen då dampbåten gjekk inn fjorden, og ein kunne gå til landhandlaren etter sirup og mangt anna rart. Så vær velkomen du òg ein gong du fèr forbi langs vegen.
av Lillian Marie Govasli
Kjelder:
(Fra Artikkel av Paul Woxeng, "Handelssteder i Ytre Namdalen".
Årbok for Namdalen 1984.)
---Nærøy bygdebok. Foldereid-bindet.
Johanne Knutsen.
Bjørg Myklebust.
Sjø-Sara.
Sjø-Sara heitte eit kvinnfolk frå Ytter-Namdalen. Ho var hardbarka og uvanleg sjødyktig. Difor berga ho mange menneske og mang ein båt frå å havne på havsens botn. I dag kan ein, dersom ein er med Hurtigruta og stoggar på Rørvik, bli møtt av eit kvinnfolk i ei flott drakt. Det er NORVEG si framstilling av Sjø-Sara. For deira utgåve av legende-kvinna losar turistar til kystkultur-senteret - og inn i historia om kystkultur og kystfolk. Og det er allereie blitt eit senter som haustar anerkjenning på verdsbasis.
Men den verkelege Sjø-Sara var ikkje eingong frå Rørvik. Nei, ho var frå fjordbygda Foldereid, kor ho vaks opp i Larsgården. Sjø-Sara heitte Sara Olsdotter, og vart fødd i 1773. Mora sitt namn var Pernille Olsdotter og ho var frå Simle. Faren heitte Ole Larsen og kom frå Foldereid gård.
Familien kjøpte Buøya, men flytte derifrå i 1785, da det ikkje vart nokon leveveg der. Den nye heimen vart Sandøya. Men dei kom i vanskar då faren måtte ut i krigsteneste mot Russland.
Sara var då 15 år og måtte saman med søskena bidra til livberginga av familien. Fiske var ein viktig del av overlevinga, og Sara fekk tidleg røynsle med sjølivet. Ho fekk god peiling på fiske etterkvart. Som sekstanåring vart ho med til Sør-Gjæslingan på fiske, og der slo ho seg ned etter nokre år.
Det er sagt at Sjø-Sara ofte sto oppe på Nakken, høgste punktet på Sør-Gjæslingan, og speida utover havet. Det hendte mange gonger at det var folk i havsnaud der ute, og Sjø-Sara var raskt ute med si hjelp.
Den sterkaste historia om Sjø-Sara er kan hende den om det som hende ein julekveld då ho fekk Sverdrup-jekta heim til Rossøya. Det hadde vore ein haust med mykje uver, og den nemnde jekta vart ansett som forsvunne.
Men så var det at Sjø-Sara sto oppe på Nakken den julekvelden og oppdaga jekta, som var fullstendig ute av kurs i snøkavet. Sjø-Sara fekk raskt med seg eit par mann og seilte utover til jekta. Ho steig om bord i jekta og førde den heim til Rossøya.
Sverdrup sjøl sette på at Sjø-Sara måtte overnatte og delta på julefeiringa saman med dei. Då skal ho ha svara: "Livet er meir enn mat og drikke". Så sigla ho attende til Sør-Gjæslingan i stormen.
Sjø-Sara vart aldri gift, men foreldra flytta utover til ho på sine gamle dagar. I alderdommen vart ho legdslem og flytta til Jøa, kor ho døydde i 1855, 82 år gammel. Og slik endar historia om Sjø-Sara frå Foldereid.
Av Lillian Marie Govasli
(Sjå også Nærøyfolket 1800-1920)
|
| |